Eg har for ikkje så lenge sidan tolka dikt på skulen. Eg synast det var ganske vanskeleg! Det som eg synast er morosamt, er at eg hugsar diktet eg har tolka. Det er sikkert fordi eg fordypar meg i det, og les det så mange gonger i løpet av ein tolkningsprosess. Sist eg tolka, tolka eg ”Fatter’n elska rødvin” av Arild Nyquist. Dette diktet gjorde eit visst inntrykk på meg fordi for det første var det den første tolkingsoppgava vi fekk på vidaregåande, det var jo ganske spennande, og så syntes eg diktet er morosamt.
Eg trur eg har blitt flinkare til å tolke, men det vanskeligaste med heile tolkinga, det synast eg var korleis norsklæraren ville ha teksten, som ein samanhengande tekst. Eg ville likt det best viss eg kunne skreve ”enderim:” og så skrive om enderim, i staden for å skrive ein heil tekst. Det var vanskeleg.
Når eg tolkar dikt, trur eg at eg får ein betre forståing for teksten og eg lærer å bli flinkare til å sjå dei forskjellige virkemidlane i teksten. Dette kan eg bruke seinare.
Når eg les eit fint dikt, kan eg tenkje på det lenge. Det rare er at eg likar best korte dikt – på engelsk, men nokre dikt norske dikt, dei er berre fine, og eg kan lese deg om og om igjen. Eg trur nok ikkje eg blir ein lyrikar, overhodet, men når eg kjem over eit fint dikt, håpar eg at eg veit å sette pris på det!